Skip to content

ordbokapi/worker

Folders and files

NameName
Last commit message
Last commit date

Latest commit

 

History

293 Commits
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Repository files navigation

Ordbok API Worker

Arbeidarprosessen for å synkronisere dataa frå UiB med databasen til Ordbok API.

Korleis byggje

Fyrste gong

  1. Last ned og installer Rust.
  2. Last ned og installer Docker.
  3. Opprett .env: cp template.env .env. Standardverdiane fungerer saman med docker-compose.yml utan endringar.

Note

Har du alt starta tenestene i API-kodelageret, må du stoppe dei før du køyrer dette steget. Du kan kopiere .meilidata, .pgdata og .valkey frå API-kodelageret til dette kodelageret for å unngå å måtte synkronisere på nytt.

Vil du bruke tenestene i dette kodelageret med API-et, kontroller at du har same verdiane for port og slikt i .env i begge kodelagera.

  1. Køyr docker compose up bootstrap for å fylle databasen med siste dagleg snapshot frå Ordbok API. Dette tek somme minutt. Du kan sjå framdrifta i loggane.

Important

Det er svært tilrådd å køyre bootstrap før du startar arbeidarprosessen, for å unngå at han må synkronisere alt frå starten av, som kan taka veldig lang tid og rammar tenestene til UiB med mange førespurnader.

Dette vert òg gjort automatisk når ein køyrer docker compose up -d for fyrste gong, men då får ein ikkje sjå loggane.

  1. Køyr docker compose up -d for å starte lokale tenester (PostgreSQL, MeiliSearch, Valkey).
  2. Køyr ./run.sh eller .\run.ps1 for å byggje og køyre arbeidarprosessen med alle funksjonar. Du kan ogso køyre cargo run --features use_dotenv for å køyre med berre grunnfunksjonane (utan Matrix-varsel o.l.).

Skript

  • ./run.sh eller .\run.ps1 for å byggje og køyre arbeidarprosessen.
  • ./reset-queues.sh eller .\reset-queues.ps1 for å tømme køane. Kødata vert lagra i .valkey-backup og kan gjenopprettast derifrå. Erstattar alt i .valkey-backup om det finst data i mappa.
  • ./register-bot.sh eller .\register-bot.ps1 for å registrere ein Matrix-bottkonto du kan bruke til å sende varsel. (Krev at du har PowerShell installert, sjølv om du brukar Linux eller macOS.)
  • ./check.sh eller .\check.ps1 for å sjekke kode for stilfeil og andre problem med clippy og cargo fmt. Det er tilrådd å køyre dette minst éin gong med og utan valfrie funksjonar (cargo features) før du opnar ein pull request.

Lisens

AGPL-3.0-or-later

About

Arbeidarprosessen for å synkronisere dataa frå UiB med Ordbok API sin database.

Resources

License

Stars

Watchers

Forks

Releases

No releases published

Packages

 
 
 

Contributors